Minikampanje for å forebygge selvmord

For mange er denne våren ekstra tung. Ringvirkningene av koronapandemien er mange og gjør at hverdagen kan være vanskelig å takle. Helse Vest kjører derfor en folkeopplysingskampanje i påsken for å forebygge selvmord.

 

Målet er å få i gang de livreddende samtalene mellom enkelmennesker, bryte ned stigma og skape forståelse for at det ikke er farlig å snakke åpent om selvmordstanker. Kampanjen bygger på folkeopplysingskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.» fra 2019.

Situasjonen vi er i nå mtp koronapandemien gjør at det er viktigere enn noen gang å ta vare på hverandre.

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem

Kvart år tek om lag 600 nordmenn sitt eige liv. Det er nesten fem gonger så mange som det døyr i trafikken. I tillegg blir det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Likevel blir det ikkje snakka om.

Noreg har i fleire veker vore prega av strenge tiltak for å slå ned koronasmitten. Dette har påverka kvardagen til kvar og ein av oss. Derfor er det viktig at vi tek ekstra godt vare på kvarandre og nyttar høvet til å ringje kvarandre no når vi ikkje kan møtast som før.

- Vi veit frå forsking at når omfattande stressbelastingar som pandemiar treff eit samfunn, og spesielt når mange lir økonomisk, så aukar risikoen for sjølvmord. Kampanjen handlar om å tore å ta samtala om sjølvmord med dei som står ein nære. Den inneheld råd og tips til slike samtalar, og informasjon om kor du kan få hjelp. Hovudbodskapet er «Snakk om sjølvmordstanker, det kan redde liv,» og vi tenker dette er eit viktig bodskap i det som er ei krevjande tid for oss alle, seier Lars Øhlckers, psykologspesialist i Helse Stavanger og medlem i den regionale arbeidsgruppa bak kampanjen.


Tett samarbeid i regionen

Folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord er utført i tett samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, Velg å leve og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Nasjonalt kompetansesenter for forebygging og selvmordsforskning har også bidrege inn i arbeidet.

Resultata frå informasjonskampanjen i 2019 var lovande. Tal frå Epinion viser at meir enn 150 tusen vestlendingar fekk med seg folkeopplysingskampanjen. Det er ein klar tendens til at fleire veit at openheit om sjølvmord er viktig og kor dei kan vende seg for å få hjelp.


Ny folkeopplysingskampanje til hausten


Å førebyggje sjølvmord er ikkje gjort i handvending og krev innsats over tid. Helse Vest planlegg derfor ein større folkeopplysingskampanje på Vestlandet til hausten.

Oppmodinga frå arbeidsgruppa denne påska er klar: Ta vare på kvarandre, hald avstand og vask hendene!
Vi oppmodar alle om å dele det viktige bodskapet på sosiale medier og i andre kanalar.

Se videoer på Facebook

Se gode råd på helsevest.no/selvmord